Vossaklinikken
Fysioterapi

Fysioterapeuter

Kva er fysioterapi?

Fysioterapi er eit praktisk og tradisjonsrikt fag som er i stadig utvikling og som set krav til akademisk kompetanse, kritisk tenking og nyskaping. «Fysioterapeut» er ein beskytta tittel som krever autorisasjon frå Helsedirektoratet. Fysioterapeutar har inngåande kunnskap om muskel- og skjelettsystemets oppbygging og funksjon. Kunnskap om korleis fysiske, psykiske og sosiale faktorar spelar inn på pasienten sitt helseproblem, er eit viktig grunnlag i behandlinga. Ein fysioterapeut arbeider med å førebyggje og behandle skadar og sjukdommar som gjer smerter/og eller nedsatt funksjon i muskel- og skjelettsystemet.


Kva gjer ein fysioterapeut?

Undersøking:

Behandling hjå fysioterapeut på Vossaklinikken vil alltid starte med ei grundig undersøking og funksjonsvurdering. Dette innebærer kartlegging av sjukehistorie, bevegelsesanalyse, spesifikke testar/undersøkingar og vurdering av dette i samanheng med pasienten sin livssituasjon (arbeid, aktivitetsnivå etc.). Ut i frå dette blir det danna konkrete mål og delmål for behandlinga.


Behandling, forebygging og rehabilitering:

Behandling er basert på funn frå undersøkinga og kva pasienten sjølv ynskjer hjelp til. Me nyttar ulike tilnærmingar og behandlinga er tilpassa pasientens behov. Målet er at pasienten kan utvikle, gjenvinne eller halde ved like funksjonsevna, utnytte eigne ressursar og bidra aktivt i å betre eiga helse.

Behandling kan for eksempel bestå av bløtvevsbehandling, individuelt tilpassa trenings- og/eller rehabiliteringsopplegg, rettleiing m.m. 

Me legg også vekt på forebyggande tiltak og har ei aktiv tilnærming til rehabilitering. Dette innebærer bl.a. tips mot nakke- og ryggsmerte, tilrettelegging og justering i aktivitet m.m. Våre fysioterapeutar nyttar også spesialverktøy som nåler og ulike tapeteknikkar ved behov.


Kva er psykomotorisk fysioterapi?

Psykomotorisk fysioterapi (PMF) er ei eiga retning og vidareutdanning innan fysioterapifaget. Dette er ein norsk behandlingstradisjon, og behandlingsforma vert også omtala som Norsk psykomotorisk fysioterapi (NPMF).  I  psykomotorisk fysioterapi ser ein på samanheng mellom symptom og kroppslege reaksjons- og spenningsmønster. Tilnærminga bygger på kunnskap om korleis pust og spenningstilstandar i muskulatur kan endre seg ut frå korleis vi har det med oss sjølv og i relasjon til andre. Stress, bekymringar, konfliktar, traumatiske opplevingar og livsbelastningar påverkar kropp og kroppsoppleving. Nokre påkjenningar kan medføre kroppsleg avstenging. Det som kan ha vore ein hensiktsmessig reaksjon i ein gitt situasjon, kan over tid bli ståande som reaksjonsmønstre, som om kroppen ikkje har forstått at faren er over. PMF handlar om å fremje kroppsleg stabilitet og balanse, samt kontakt med eigen kropp. Dette kan igjen stimulere til fri pust og naturleg avspenning.  

Fysioterapeutar med psykomotorisk kompetanse har inngåande kunnskap om ulike formar for muskel/skjelettlidingar, psykiske lidingar og samansette lidingar. Dette gir grunnlag for ei heilskapleg undersøking, ressursvurdering og behandlingstilnærming. Med utgangspunkt i funksjonsundersøking og individuelle tilpassingar, nyttar ein ulike fysioterapeutiske metodar i det kliniske arbeidet.  

 

For kven:

Psykomotorisk fysioterapi kan egne seg for ulike plagar og lidingar. Kroppslege symptom som muskelspenningar, smerter, utmatting, ubehag knytt til pust, svimmelheit, angst, samt oppleving av å mangle kontakt med eigen kropp, kan alle vere utgangspunkt for psykomotorisk fysioterapi. Sentralt er også at du er nysgjerrig på å forstå årsakene til symptoma, då behandlinga tek sikte på endring gjennom utforsking og bevisstgjering.